Bli med på webinar og lær kvifor immaterielle verdiar er viktige for bedrifta

Bli med på webinar og lær kvifor immaterielle verdiar er viktige for bedrifta

NHO Vestlandet og NHO Arktis samarbeider med NHO Gründer om å teste ut webinar no i haust. I samband med Innovasjonsveka OPP set vi opp eit ope webinar med Onsagers 18. september kl. 11:00 - 11:45.


Alt du treng for å delta er PC, Mac eller telefon, og 45 minutt av tida di.


I dag utgjer IP (intellectual property – immaterielle verdiar) rundt 80 % av ei bedrift sine verdiar. Det å ta eigarskap til desse verdiane, på same måte som ein tek eigarskap til fysiske eigedelar, er avgjerande for bedrifta. Har bedrifta trong for investorar vil eigarskapen ofte vere avgjerande for den som skal tilføre kapital.


IP-rettar kan m.a. sikrast gjennom patentar, varemerke, vern av design og avtalar. Men kvifor skal ein ta eigarskap til IP og kva funksjon har dei ulike IP-verktøya?


Med kunnskap om kva moglegheiter som er tilgjengelege, sett i høve til bedrifta sin situasjon, kan ein legge eit grunnlag for å ta rette val kring handtering av bedrifta sine immaterielle verdiar, og korleis desse verdiane kan vere med på å styrke bedrifta og omsetjast til inntening.


Onsagers er Norges største firma innafor strategi, vern og handheving av immaterielle rettar (IPR) og vil gje deg ei innføring i korleis dette kan handterast.


Det vil bli mogleg å stille spørsmål på chat undervegs i webinaret.

Bli med på webinar og lær kvifor immaterielle verdiar er viktige for bedrifta
Onsdag 18. September
11:00 - 11:45
Pris
Gratis
Legg til i kalender Del på facebook

Se Kalender

Hold deg OPPdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Tusen takk for din registrering!
Fyll ut alle feltene.