Kick off Innovasjonsveka OPP - Førde

Kick off Innovasjonsveka OPP - Førde

Innovasjonsveka OPP er ein årleg festival for innovasjon og entreprenørskap som vi for første gong skal markere i vår del av det nye Vestlandsfylket (framleis kjend som Sogn og Fjordane) Dette skjer 16.-22. september og målet er at vi får oppleve ulike arrangement med ulikt vertskap over heile fylket. 


Vi vil invitere til ein kick-off på PEAK Sunnfjord 19.juni kl 13-14.30 kor vi presenterer kva dette er, deler erfaringar frå tidlegare år i Hordaland og kor vi myldrar rundt idear for arrangement som vi kan arrangere hos oss.


Innleiingsvis vil de få høyre korte pitch frå Hjørdis Vik i Gründersenteret, Kåre Bottolfsen i TicketCo og Gro Dyrnes frå Innovasjon Norge sitt kontor i San Fransisco. Christina Sundli-Härdig frå VIS vil leie arrangementet.


Merk at dette blir rett i etterkant av Innovasjonstalen, slik at ein kan kombinere begge arrangementa.


Håpar å sjå deg der!

Kick off Innovasjonsveka OPP - Førde
Pre-event Onsdag 19. juni
13:00 - 14:30
Legg til i kalender Del på facebook

Påmelding




 

Kalender

Hold deg OPPdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Tusen takk for din registrering!
Fyll ut alle feltene.