Alexandria og Aksello har i samarbeid med Hub for Ocean og Måløy Vekst startet nettverket DIVA for å styrke kvinner i Sogn og Fjordane. Målet er å synleggjere rollemodellar, skape møteplassar for fagleg og sosialt påfyll, og bygge ein kultur der det er lett å spørje om hjelp.
– Nettverket skal bidra til å synleggjere rollemodellar, arrangere faglege og sosiale arrangement der vi kan dele erfaringar og kunnskap, samt heie på kvarandre og bli inspirert, seier Alexandria.Kva skaper eller løyser du akkurat no?
DIVA er eit nettverk som skal bidra til å styrke kvinna i Sogn og Fjordane. DIVA står for distrikta, inspirasjon, verdiskaping og allianse. Nettverket byggjer på tre grunnpilarar. Entreprenørskap og arbeidsliv, økonomi og kvinnehelse. Nettverket skal bidra til å synleggjere rollemodellar, arrangere faglege og sosiale arrangement der vi kan dele erfaringar og kunnskap, samt heie på kvarandre og bli inspirert.
Kva er ditt fokus?
Fokuset er å bygge ein trygg arena der vi kan bidra til inspirasjon – der dei som lenge har tenkt på å ta steget ut, anten om det er å starte for seg sjølv eller søke den jobben, kan få det "dyttet" dei treng. Ein arena der vi kan dele kunnskap og erfaringar, der terskelen for å spør om råd er låg. Ein arena eg lenge har lengta etter, som ein ambisiøs person som bur i distriktet. Når kvar og ein av oss får utnytte vårt maksimale potensiale, er det ikkje berre verdifult for den enkelte – det vil gagne heile samfunnet.
Kva meiner du Vestland bør fokusere på?
Det er viktig at vi har fokus på kvinna i alle livsfasar. Her ligg det store moglegheiter, både for næringslivet og samfunnet.
Kva råd vil du gi til nokon med ein ny idé?
Våg å ta kontakt med den personen som har inspirert deg. Be om eit møte, dei aller fleste vil meir enn gjerne fortelje om sine erfaringar. Det er viktig med ein sparringspartnar som du stolar på, og som gjerne har andre kvalitetar og erfaringar enn deg. Her er mykje kunnskap å hente!
Kva råd skulle du ønske du fekk tidlegare?
At kva andre tenkjer om meg, det har eg ingenting med.
Kva gjer du når du skal fokusere?
Går ein tur i terreng!
Kva gjer du under OPP?
DIVA skal ha ein panelsamtale samansatt av kvinnelege gründerar, samt representantar frå forsking, investor/kapitalmiljø. Tema er: «Korleis få fleire kvinner inn i entreprenørskap i Sogn og Fjordane?»
