Tilbake til aktuelt

Dukker opp på Drivkraftfest

Mandag 8. juni inviterer Stiftelsen Drivkraft til vårens største gründerfest i Sogn og Fjordane, på restaurant Elvesus i Førde. Det er ein fest der alle gründerar og bedrifter som har søkt talentstipend eller vekststipend frå Drivkraft denne våren er invitert.

Skaparkrafta og gründerånd i Sogn og Fjordane er endå større enn vi hadde drøymt om. Heile 152 bedrifter og gründerar har søkt om dei første idé-stipenda frå Drivkraft. Vi kan også love skikkelig Oscar-stemning når vinnarane av åtte Drivkraftstipend på til saman 2 millionar kroner skal kårast, seier Alfred Bjørlo og Lillian Loen i Stiftinga Drivkraft, som er vertskap for festen.

Blant dei som skal på scena er Tibber-sjef Edgeir Aksnes, StartupLab Bergen-sjef Erlend Waaler, NAST-sjef Anna Holm Heide og super-gründer Simen Staalnacke.

Det aller viktigaste denne kvelden er likevel at alle dei flinke folka som brenn for framtidas bedrifter i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord får møtes og bli kjent, seier Alfred Bjørlo og Lillian Loen.

Stiftinga Drivkraft er nyoppretta av Sparebank1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga SFj for å få fart på vekst og utvikling i næringslivet regionen.

Drivkraftfesten blir ein skikkelig flying start, og Innovasjonsuken OPP dukker sjølvsagt opp på markeringa.