Innovasjonsuken OPP arrangeres 10.–17. september. Årets tema er FOKUS.
Vi stiller alle de samme spørsmålene: hva skaper du, og hva bør Vestland fokusere på? Her er Karina sine svar:
Hva skaper eller løser du akkurat nå?
Eg jobbar med å inspirere fleire lærarar til å integrere entreprenørskap i skulekvardagen. Målet er å gi elevane moglegheit til å utvikla skaparglede, kreativitet, problemløysingsevne og tru på eigne idear. Samstundes treng både samfunnet og Vestlandet fleire unge verdiskaparar som tør å skape noko sjølve.
Hva er ditt fokus?
Eg har fokus på ungdom og deira potensial. Gjennom arbeidet mitt hjelper eg ungdom med å starte eigne bedrifter, basert på eigne val, medverknad og eigarskap. Dette skaper motivasjon, meistring og framtidstru. I tillegg arbeider eg som bryllaups- og familiefotograf, med fokus på menneske, relasjonar og dei ekte augneblinka. Det er augneblinka som utgjer livet.
Hva mener du Vestland bør fokusere på?
Vestland bør fokusere på samarbeid mellom skule og næringsliv. Elevane lærer best når dei får oppleva korleis kunnskap blir brukt i praksis, og entreprenørskap i skulen gir både skaparglede, problemløysing og framtidstru. Då treng skulane meir fridom, ressursar og moglegheit til å samarbeida med lokale bedrifter og aktørar gjennom prosjekt, rettleiing, bedriftsbesøk og praktisk undervisning. Slik byggjer me eit meir kreativt, kompetent og framtidsretta Vestland.
Hvilket råd vil du gi til noen med en ny idé?
Prøv deg fram! Dei fleste idéar blir ikkje til noko før ein faktisk kastar seg ut i det og testar dei i praksis. Bruk nettverket ditt, snakk med folk, be om råd og samarbeid med andre som kan noko du ikkje kan sjølv.
Hvilket råd skulle du ønske du fikk tidligere?
Eg skulle ønskt eg verkeleg trudde på rådet om at ein kan bli akkurat det ein vil, og at 20-åra er tida for å ta risiko, prøva, feila og læra.
Hva gjør du når du skal fokusere?
Når eg skal fokusere må eg ha musikk på øyra og litt “kaos” rundt meg. Eg jobbar ofte best når det ikkje er heilt sterilt og stille, men når eg kan dykke inn i mi eiga boble og stenge ute distraksjonar. Det viktigaste for meg er å kome i gang, når eg først er i flyt og FOKUS, forsvinn mykje av det som skjer rundt meg.
Hva gjør du under OPP?
Vi i Ungt Entreprenørskap Vestland arrangerer tre Innovasjonscampar for 9.klassingar i Skaparhagen på VilVite, kor ein av oppdragsgivarane er ByggOPP.
