Tilbake til aktuelt

OPP tempo på det grøne skiftet

Grøn Region Vestland skal få OPP tempo på det grøne skiftet. De gler seg til Vestlandets innovasjonsfestival.

Grøn region Vestland gler seg til å samarbeide med OPP. Vi er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge som sørge for at både styresmakter, verkemiddelapparat og industrien i Vestland skal finne gode samarbeidsprosjekt som får opp farten på det grøne skiftet i Vestland.

Gjennom strategien industriell symbiose, der industrien etablerer sirkulære system for bruk av ressursar skal Vestland og industrien meir enn oppfylle sin del av dei nasjonale måla om kutt i utslepp, fleire arbeidsplassar og auka eksport.

Under OPP vil vi vere med på opningsarrangementet kor vi vil vise kordan industrien samarbeidar om kutt i klimautslepp gjennom industriell symbiose og smartare bruk av ressursar.

Vår prosjektleiar er også med på arrangmentet «Ni om energi» saman med Forskningsdagene i Bergen.

Foto: Eierne av Grøn region Vestland, avdelingsdirektør i Vestland fylkeskommune, Bård Sandal, og regiondirektør i Innovasjon Norge, Kristine Timberlid.

Fotograf: Eivind Senneset