Tilbake til aktuelt

OPPdag Grøn region Vestland

Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge. EY står for den praktiske gjennomføringa, i tett samarbeid med prosjekteigarane. Få med deg innovasjonssamtalen under OPP og få eit innblikk i litt av det som rører seg i Noregs beste fylke!

Prosjektet arbeidar saman med kommunar og lokale aktørar for å oppdage framtidsretta forretningsmoglegheiter i dei ulike regionane i fylket og for å sikre at Vestland kan bli eit føregangsfylke for grøn og berekraftig verdiskaping.

Dette er Grøn region Vestland

Sidan oppstarten 1. mai 2021 har over 200 aktørar bidratt med tankar og innspel om kva som trengst for å gjere Vestland til landets fremste fylke innan grøn næringsutvikling. Prosjektet ønsker å avdekke verdikjeder og forretningsområde, og resultatet skal brukast som grunnlag når den regionale partnarskapen jobbar for å realisere potensialet for grøn omstilling i fylket. Prosjektet vil også vere eit viktig bidrag i arbeidet med nytt handlingsprogram 2022-2025 for planen «Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.»

Felles utfordringar

Grøn region Vestland bygger vidare på Vestlandsscenarioa 2020, som vart utarbeidd hausten 2020. Her peika ein på 11 nye verdikjeder og 24 forretningsområde der Vestland har potensial til å ta ei leiande rolle og auke konkurransekrafta si i tida framover.

Prosjektleiar Lasse Kolbjørn Anke Hansen i Vestland fylkeskommune seier at Grøn region Vestland er ei naturleg fortsetting av Vestlandsscenarioa.

— Vestlandsscenarioa var eit analyseprosjekt. Der såg vi på eksisterande kunnskapsgrunnlag knytt til kva utfordringar næringslivet i Vestland hadde i møte med globale megatrendar. No jobbar vi meir frå eit nedanfrå-og-opp-perspektiv. Vi går i dialog med bedriftene og kommunane og ser på behova og føresetnadane til kvar enkelt aktør. Ein viktig del av prosjektet er å finne kva utfordringar dei ulike aktørane i fylket har til felles, fortel Hansen.

— Trur vi treff tidsånda

Ifølge prosjektleiar Hansen har arbeidet hittil vore prega av mykje engasjement og interesse blant bedriftene og kommunane rundt om i fylket.

— Aktørane vi har møtt til no er positive til målsettingane i prosjektet. Folk syns det er bra at fylkeskommunen tek rolla som samfunnsutviklar på alvor. Fokuset på berekraft og grøn næring har kanskje aldri vore sterkare enn det er akkurat no. Det ser ein tydeleg på engasjementet og reaksjonane på FN sin klimarapport som vart lagt fram for nokre veker sidan. Berekraft og grøn innovasjon står også høgt på agendaen ute i næringslivet, uavhengig av bransje. Som ein sa til oss: Enn så lenge er berekraft eit konkurransefortrinn, men i framtida vil det vere ein føresetnad, seier Hansen.

Meld deg på Innovasjonssamtalen!

Har du lyst til å høyre meir om Grøn region Vestland og kva moglegheiter og utfordringar næringslivet i fylket står ovanfor? Få med deg Innovasjonssamtalen med Lasse Anke Hansen frå Vestland fylkeskommune, Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Norge og Maria Helsengreen frå EY.

PÅMELDING til digital innovasjonssamtale 13.09 kl. 11.30