Grøn maritim omstilling med Innovasjon Norge

Grøn maritim omstilling med Innovasjon Norge

Har du nye prosjektidear som bør testast? Ønsker du å høyra korleis du kan bruka klynga til å identifisera nye prosjekt og søka støtte? Regjeringa har i koronatiltaka i år løyvd milliardpakkar for å styrka den grøne omstillinga. Til dette webinaret kjem Innovasjon Norge og presenterer fleire ulike støtteordningar som er retta mot grøn maritim omstilling. Her finst det mange moglegheiter i haust for bedrifter som vil satsa på nyskaping og berekraftige løysingar. Det blir òg orientert om Innovasjon Norges gode tilbod til verktøy som kan brukast i omstillingsarbeid.

Program:
- Velkomen og introduksjon – Håvard Tvedte, direktør prosjektstyring, NCE Maritime CleanTech
- Innovasjonsstøtte og moglegheiter i 2020 – Rolf Sørland, Spesialrådgiver, Innovasjon Norge
- Eksempel på maritimt prosjekt med støtte frå Innovasjon Norge – Sigbjørn Tyssen, Business Development Manager, Teknotherm
- SNU – digital verktøykasse for omstilling – Tim Genge, Seniorrådgiver, Innovasjon Norge

Påmelding i denne lenka. Når du registrerer deg, vil du få tilsendt ei lenke der du kan følgja webinaret. Vel møtt!

 Grøn maritim omstilling med Innovasjon Norge
Tirsdag 15. September
10:00 - 11:00
Pris
Gratis
Legg til i kalender Del på facebook

Arrangement

Hold deg OPPdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Tusen takk for din registrering!
Fyll ut alle feltene.