HAVlunsj: Grøn skipsfart med EU-støtte

HAVlunsj: Grøn skipsfart med EU-støtte

Bedrifter i NCE Maritime CleanTech har hatt stor suksess i å henta innovasjonsmidlar frå EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020. Til saman har det blitt løyvd over 500 millionar kroner dei siste to åra til klyngedeltakarane våre.

I denne havlunsjen presenterer klynga fleire pågåande europeiske pionerprosjekt som utviklar grøne maritime løysingar. Felles er deira sterke involvering av norske industripartnarar. I tillegg får ein siste nytt om dei nye programma for EU-prosjekt, det inkluderer både Horisont Europa, Green Deal og Innovation fund.

Seminaret blir opna av næringsminister Iselin Nybø.

Agenda:
- Noreg som grønt fyrtårn i EUs satsing på grøn maritim innovasjon – Iselin Nybø, næringsminister
- Grøn maritim innovasjon med EU-støtte – Marie Launes, head of communications EU projects TrAM, ShipFC, FLAGSHIPS
- Korleis klarte eit lite selskap frå Florø å få 45 millioner fra EU – Leif Stavøstrand, CEO, Evoy
- EU-prosjekt – korleis starta arbeidet? – Marte Jensen, EU advisor, NCE Maritime CleanTech

Påmelding i denne lenka, alle som ynskjer å delta er velkomen. Når du registrerer deg, vil du få tilsendt ei lenke der du kan følgja webinaret. Vel møtt!

HAVlunsj er ein serie med lunsjmøte i samarbeid og regi av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood og NCE Maritime CleanTech.

HAVlunsj: Grøn skipsfart med EU-støtte
Torsdag 17. September
11:30 - 12:30
Pris
Gratis
Legg til i kalender Del på facebook

Arrangement

Hold deg OPPdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Tusen takk for din registrering!
Fyll ut alle feltene.