mandag 14.09 kl. 11:00 - 11:30

Det kjem to nye regionale planar for Vestland!
Kva skal til for at Vestland skal vere ein god stad å bu, arbeide og skape verdiar også i framtida? No kan du bli kjend med dei nye planane, sjå kva som er foreslått og, viktigast av alt, vere med og påverke vegen vidare.
Éin av planane er Regional plan for verdiskaping og kompetanse. Planen handlar om menneska, arbeidskrafta, og næringslivet som skal forme framtidas Vestland.
Vestland har ressursane, kompetansen og viljen. No treng vi innspela dine. Saman kan vi leggje til rette for eit Vestland med eit sterkt næringsliv, rett kompetanse og livskraftige lokalsamfunn, og skape grøn og berekraftig verdiskaping for framtida.
Les, bli engasjert og gi innspel!
Vestland er Noregs største eksportfylke, tett kopla til globale marknader gjennom handel, eksport og kunnskapsutveksling. Vi har verdsleiande maritime og marine næringar, sterk fornybar energiproduksjon og kunnskapsmiljø i verdsklasse. Vi er ein region med høg kompetanse og lang erfaring med omstilling.
Men Vestland står overfor store og samansette utfordringar.
Færre unge, fleire eldre og ujamn regional utvikling påverkar tilgangen på arbeidskraft og rett kompetanse i heile fylket.
Rike naturressursar, men klima og natur er under press og auka global uro påverkar tilgang på råvarer, energi og forsyningstrygleik.
Tilboda er varierte, men endringstakta i samfunnet krev nytenking og omstilling for å møte behova i arbeidslivet.
For mange står utanfor utdanning og arbeidsliv. Dette svekker både arbeidskrafttilgangen og den einskilde sin livskvalitet.
Regional plan for verdiskaping og kompetanse er Vestland fylkeskommune sin strategiske respons på den utfordrande situasjonen. Planen skal kople dei rette menneska me dei rette moglegheitene og sikre at regionen har kompetanse og kapasitet til å konkurrere internasjonalt, samstundes som ingen fell utanfor.
Kvifor skal du kome med innspel?
Planane skal påverke utviklinga i Vestland i åra som kjem. Difor treng vi å høyre frå deg.
Du kjenner kanskje utfordringane frå kommunen din, arbeidsplassen din, bransjen din, organisasjonen din eller kvardagen din. Innspela dine kan bidra til å gjere planane meir treffsikre og relevante.
Høyringa er moglegheita di til å seie kva du meiner, kva som bør prioriterast og kva som skal til for å lykkast.
👉 Les planane og kom med innspel: Høyring: Regional plan for verdiskaping og kompetanse - Vestland fylkeskommune
Kva skjer etterpå?
Innspela som kjem inn i høyringsperioden, blir vurderte og brukte i det vidare arbeidet med planane. Etter høyringa blir planane bearbeidde før dei skal behandlast politisk.
Det du deler, er ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet med utviklinga av Vestland.
👉 Finn planane, høyringsinformasjon og informasjon om korleis du kan gi innspel: Regional plan for verdiskaping og kompetanse - Vestland fylkeskommune
Kom innom. Les. Sei meininga di. Ver med på å forme Vestland.
Foto: Morten Wanvik / Vestland fylkeskommune