torsdag 17.09 kl. 17:00 - 19:00

Under dei årlege Forskingsdagane arrangerer vi for tredje gong Forskarsnakk LIVE!
I år er tema for den nasjonale forskingsfestivalen tillit. Frå 16. til 27. september går arrangementa føre seg over heile landet, og i Førde er Forskarsnakk LIVE eitt av fleire høgdepunkt du kan få med deg.
I vår region har vi eit forskingsmiljø i stadig vekst gjennom Helseforsking Sogn og Fjordane, eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde. Denne kvelden får du møte både dyktige stipendiatar og seniorforskarar som gjev deg innsikt i kva våre forskingsmiljø forskar på. Kanskje oppdagar du noko du aldri har tenkt over før, eller vert nysgjerrig på tema du ikkje visste fanst. Dette er forskingsformidling for folk flest!
Det vert i tillegg underhalding av Kvitre, litt sunn snacks og høve til å kjøpe noko i baren utover kvelden.

torsdag 17.09 kl. 17:00 - 19:00
Kunnskapspub
Gratis