onsdag 17.09 kl. 09:00 - torsdag 18.09 kl. 10:00
17. og 18. September inviterer Grøn region Vestland til eit inspirerande og interaktivt arrangement i Marinehagen – midt i innovasjonsdistriktet i Bergen. Det som tidlegare var eit tomt lagerbygg er no omgjort til arrangementslokale der alle materiale innvendig er gjenbrukt, heilt i tråd med kva me driv med.
Under desse to dagane ønskjer me å samla aktørar frå alle dei 19 hubbane i Vestland. Det vil vera ei unik moglegheit for å byggja forankring og vidareutvikla samarbeid både individuelt og på tvers av hubbane. Me håpar derfor alle hubbane stiller sterkt slik at me saman kan byggja vidare på det sterke laget me har i Vestland.
Vi står i ei tid med store krav til endring. For å lukkast treng vi både tydeleg retning, inspirasjon og praktiske verktøy. Difor inviterer Grøn region Vestland til to dagar i Marinehagen der vi kombinerer kunnskap, dialog og konkrete erfaringar – alt med mål om å styrkje omstillingsevna og samarbeidet i Grøn region Vestland.
På programmet står fylkesordførar Jon Askeland, den anerkjente forfattaren og filosofen Anders Indset og mange fleir. Gjennom hub-samlinga vil du delta i interaktive bolkar, høyre inspirerande innlegg og møte døme på bedrifter som har lukkast med sirkulære løysingar.
Arrangementet er først og fremst for hubbane i Grøn region Vestland og andre som på ulike måter er involverte eller samarbeider med hubbane. Løpande påmeldingsfrist gjennom lenke, først til mølla.
onsdag 17.09 kl. 09:00 - torsdag 18.09 kl. 10:00
Seminar
1000,-