DIVA inviterer til ein open panelsamtale med gründerar, representantar frå kapitalmiljø og fagfolk som deler sine perspektiv på kva som skal til for at endå fleire kvinner på Vestlandet tør å ta steget inn i entreprenørskap. Ein samtale prega av moglegheiter, konkrete grep og inspirasjon.
Panelet:
- Sigrid Eikeland, forretningsutviklar i Firda Billag, medgründer av Poden & Boden i Førde og Sogndal. Eikeland skal stille i panelet som styreleiar i Sparebanken Norge sitt næringsfond i Sogn og Fjordane
- Cecilie Fanevik, gründer og dagleg leiar av Harmonia interiør AS i Florø
- Alfred Bjørlo, dagleg leiar i Stiftinga Drivkraft
- Ida Ryssdal, Head of People & Performance i Convene Group
Bli med på samtalen, anten du er nyfiken eller gründer, eller berre vil vere med!
Gratis, drop-in – ingen påmelding.
Praktisk info

Tid
torsdag 10.09 kl. 16:00 - tirsdag 01.09 kl. 17:30
Sted
Type arrangement
Debatt
Pris
Gratis